Blir du med på den fantastiske lanseringa,

Kompostfest 2020?

"I dag er Gaia vårt einaste håp. Snur me ryggen til menneskeskapte avgrunnar og ser i andre retningar, ser me at det framleis finst område att på denne planeten med eineståande frodigheit og biologisk mangfald. Det minkar alvorleg på dei, men dei er der endå. Felles for alle desse områda er at Mor Jord sjølv har vore den viktigaste gartnaren. Ho meistrar kunsten å dyrka plantar når det er knusktørt, søkkvått, kokande varmt og bitande kaldt. Ho gjer det høgt oppe, lågt nede, ute på kysten og djupt inne i skogen. Ho gjer det rett og slett over alt og under alle tenkelege og utenkelege forhold. Og det heilt utan både gift, kjemisk gjødsel og plog.  

Så korleis tileignar me oss då den kunnskap me i stor grad har snudd ryggen til så lenge? Framfor å venda oss bort, snur me om og rettar alle våre lyttande, skapande og empatiske sansar og evner i hennar retning." Frå "Skogen som læremeister"