Forfattaren, professor Dag Jørund Lønning, er også opphavsmannen til storseljarane Jordboka (2017) og Jordboka II (2019), bøkene som for første gong opna det fantastiske økosystemet under føtene våre for eit allment, norsk publikum. Lønning står i fronten her heime for Den nye grøne revolusjonen – overgangen frå det naturøydande til det naturbyggjande jordbruket.

Lønning er til dagleg professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne. Han har ein dr.philos – grad i prosessfilosofi / antropologi frå NMBU (2007), og ein cand.polit. i sosialantropologi frå UiB (1994).

Han har vore kåra til Årets Landbruksbloggar, Årets Bygdeprofil og Årets Meitemark, og er ein av bygde-Noregs mest populære foredragshaldarar.  

Dag Jørund vaks opp på garden Lønning på Stord. Far var potetbonden og foredragshaldaren Per Lønning, og mor, Selma, var ei av pionerane både lokalt og nasjonalt i bygdekvinnelags- og husflidslagssamanheng.

Saman med kona Anne-Mette og dei to borna Maia og Mikkjell har han opp gjennom åra drive som småbrukar både på Sotra i Hordaland, i Kviteseid i Telemark og i Skaun i Sør-Trøndelag. Dei seinaste åra har det vesle som er av fritid vore nytta til å drifta ein to måls staude- og kjøkenhage sør på Jæren.

"Standardiserte, kjemiske industriløysingar har nesten øydelagd planeten. Når me no går inn i den kompostmoderne framtida – tida då alt må setjast saman på nytt – treng me den kreative i staden. Nyskaparen. Komponisten. Naturbyggjaren. Han og ho som elskar å leika og læra saman med naturen. Gaia sine læresveinar. 

Målet med denne boka? Å motivera deg til å bli ein av dei. Til å spreia den gode bodskapen. Til å komponera den grøne framtida. I grenda di. I åkeren din. I hagen din." Dag Jørund Lønning i Kompostboka.